6. september 2014

Tungespissen


Høgskulen i Ålesund er min nye besøksvenn denne hausten. Han dele velvillig av all sin nyttige og unyttige kunnskap, til og med på do. Der lærte eg nylig at berre katten har skitnare munn enn oss menneske. Interessant, siden eg like katter ekstra godt. Eg er gla i utrulig mange menneske også!

Eg har det på tungespissen. Ord. Ord som velsigne og forbanne, løfte opp og trakke ned i skiten. Ein gluping sa at vi menneske klarer å temme all verdens ville dyr og fugler, men det lille lemmet i munnen er umulig å få styring på, ja den kan vera som gift. Det er kanskje litt meir skummelt enn mikrober i munnhula?

"Det er ikkje det som kjem inn i munnen, som gjer menneske ureint. Men det som går ut av munnen, det gjer menneske ureint" Matt.15.11