27. september 2014

Urverk

Hormonbalansen er som eit komplekst urverk i kroppen - eg syns det er megafascinerande korleis ein rytme er innebygd i oss og går i takt med omgivelsane våre - sol og måne, natt og dag, jordas syklus. Små substanser skilles ut blant anna når det er på tide å sove og når vi skal våkne. 

Nattarbeid er ganske vanlig. Vi er forskjellige og nokre takler dette bedre enn andre, men generelt sett krasjer nattevåking med den indre klokka. Det stemmer godt med det eg opplever når eg svimler rundt etter to-tre arbeidsnetter og ikkje har fått sove skikkelig og magen slår knute på tråden.

Det er ein del dokumentasjon på helseskadene ved å tulle med den naturlige døgnrytmen kroppen legger opp til. Litt småkomisk å jobbe på ein medisinsk avdeling, med nettopp spesialkompetanse på hormonsjukdommar, å vita om desse tingene mens ein går der å snur på døgnet. 

Eg vil tipsa om ei bok ein dyktig kollega nylig har gitt ut. Har ikkje lest den enno, men gle meg til å ta fatt. Dr. Med. Kristian Løvås skriv til deg som vil forstå kroppen din - korleis faktorer som stress, mat, trening, søvn, forelskelse, aldring osv påvirker oss - utfra kunnskapen, ikkje myter og rykter som går. 

Å forstå kva som skjer kan kanskje hjelpe oss til å ta bedre hensyn til den indre klokka og kanskje litt mindre til menneskeskapte sekundvisere?




12. september 2014

Bo-li-vi-aaa

Opplever du av og til at stemninger eller folk minner deg om noko eller nokon og du berre smiler spontant eller det tvinger seg fram tårer? Eg trur det heiter savn. No for tida savner eg mange ting som kan oppsummerast i et ord: Bolivia

Eg såg ein film nylig, som heiter Blackthorn, ein slags westernfilm med litt trist stemning. Men handlingen foregjekk i Boliva. I første sekvensen, då denne gamle gunneren rei oppover dødsveien nær Coroico, då måtte eg grina. Korleis skal det gå resten av filmen, tenkte eg... det gjekk bra :)

Eg sitt i døråpningen og sole meg. Tenk 18 grader og sol midt i september i sjølvaste Bergen! Eg ser opp mot Nattlandsfjellene og det driv ein dis der,  sikten er uklar og konturane hviska litt ut. Plutselig er eg i La Paz, på kjøkkenet på Casa Alianza der eg budde et halvår. Ein kopp i handa og et blikk mot dei disige fjellene.

Det hjelper lite når team Bachstad no sender deira tur gjennom Sør-Amerika på tv. No har dei komt til Cusco. Snart, ja, snart kjem dei til Titicacasjøen og Boliviagrensa. Eg gle meg som ein unge. Neste onsdag, neste onsdag då bør dei komma dit!

Savn er mest godt. Tenk å ha slike band til folk, gater og fjell på andre sida av jorda. Det er et privilegium. Nokon som vil bli med neste år for eksempel?

6. september 2014

Tungespissen


Høgskulen i Ålesund er min nye besøksvenn denne hausten. Han dele velvillig av all sin nyttige og unyttige kunnskap, til og med på do. Der lærte eg nylig at berre katten har skitnare munn enn oss menneske. Interessant, siden eg like katter ekstra godt. Eg er gla i utrulig mange menneske også!

Eg har det på tungespissen. Ord. Ord som velsigne og forbanne, løfte opp og trakke ned i skiten. Ein gluping sa at vi menneske klarer å temme all verdens ville dyr og fugler, men det lille lemmet i munnen er umulig å få styring på, ja den kan vera som gift. Det er kanskje litt meir skummelt enn mikrober i munnhula?

"Det er ikkje det som kjem inn i munnen, som gjer menneske ureint. Men det som går ut av munnen, det gjer menneske ureint" Matt.15.11

3. september 2014

Liljer og java

Ein kristen forkynnar hadde et fiffi eksempel på teikn som tyder på at vi bekymrer oss meir enn generasjonar før oss. Det er påvist at folk som til vanlig sykler med sykkelhjelm, har mykje høgare stressnivå i kroppen når dei ein dag sykler uten. Kven visste kva sykkelhjelm var når ungane suste ned bakkane uten tilsyn på 50-tallet?

Vi har har meir kunnskap, tusenvis av problemløysingsalternativ som reklame og retningslinjer seier vi bør ha. Det meste er nyttig og bra, men vi har ofte ein tendens til å tru at vi ikkje klarer oss uten eller at berre vi har god kontroll går alt bra. Vi burde spare pensjon, ransbølger går og vi burde hatt innbruddsalarm, den siste versjonen av java går ikkje an å laste ned på min 6-år gamle mac, eg bør ha ny for sikkerhetens skuld, folk kan jo komme inn i min nettbank!!! Små og større bekymringar enn dette preger kvardagen vår meir eller mindre.

Eg tenkte på dette når eg nylig hadde trøbbel med nokre pin-koder. Sjå liljene på marka og fuglane på himmelen...driv dei å huske på pin-koder? Kan Java legge til eit par år på min livslengde? Kva stresser eg for? Alle desse små bekymringane, dekker over den største: Korleis vil det gå til slutt? Når eg møter Gud? Han som gir alt liv og vil ta det tilbake.

Bare Gud kan gi oss ei sann livsforsikring. Den er gratis. Den heiter Jesus.

"Søk først Guds rike og hans rettferdighet, så skal du få alt det andre i tillegg" (Matt. 6,33)