Eg sitt i døråpningen og sole meg. Tenk 18 grader og sol midt i september i sjølvaste Bergen! Eg ser opp mot Nattlandsfjellene og det driv ein dis der, sikten er uklar og konturane hviska litt ut. Plutselig er eg i La Paz, på kjøkkenet på Casa Alianza der eg budde et halvår. Ein kopp i handa og et blikk mot dei disige fjellene.
Det hjelper lite når team Bachstad no sender deira tur gjennom Sør-Amerika på tv. No har dei komt til Cusco. Snart, ja, snart kjem dei til Titicacasjøen og Boliviagrensa. Eg gle meg som ein unge. Neste onsdag, neste onsdag då bør dei komma dit!
Savn er mest godt. Tenk å ha slike band til folk, gater og fjell på andre sida av jorda. Det er et privilegium. Nokon som vil bli med neste år for eksempel?