3. september 2014

Liljer og java

Ein kristen forkynnar hadde et fiffi eksempel på teikn som tyder på at vi bekymrer oss meir enn generasjonar før oss. Det er påvist at folk som til vanlig sykler med sykkelhjelm, har mykje høgare stressnivå i kroppen når dei ein dag sykler uten. Kven visste kva sykkelhjelm var når ungane suste ned bakkane uten tilsyn på 50-tallet?

Vi har har meir kunnskap, tusenvis av problemløysingsalternativ som reklame og retningslinjer seier vi bør ha. Det meste er nyttig og bra, men vi har ofte ein tendens til å tru at vi ikkje klarer oss uten eller at berre vi har god kontroll går alt bra. Vi burde spare pensjon, ransbølger går og vi burde hatt innbruddsalarm, den siste versjonen av java går ikkje an å laste ned på min 6-år gamle mac, eg bør ha ny for sikkerhetens skuld, folk kan jo komme inn i min nettbank!!! Små og større bekymringar enn dette preger kvardagen vår meir eller mindre.

Eg tenkte på dette når eg nylig hadde trøbbel med nokre pin-koder. Sjå liljene på marka og fuglane på himmelen...driv dei å huske på pin-koder? Kan Java legge til eit par år på min livslengde? Kva stresser eg for? Alle desse små bekymringane, dekker over den største: Korleis vil det gå til slutt? Når eg møter Gud? Han som gir alt liv og vil ta det tilbake.

Bare Gud kan gi oss ei sann livsforsikring. Den er gratis. Den heiter Jesus.

"Søk først Guds rike og hans rettferdighet, så skal du få alt det andre i tillegg" (Matt. 6,33)