15. oktober 2014

Håp - ei personlig trøyst eller ein pålitelig person?

Levande håp....
Har du hørt det uttrykket? Er ikkje det eit litt smør-på-flesk-uttrykk? Eit håp som er dødt, meiner eg, kan vel ikkje kallast håp? Det høyres håplaust ut i alle fall. Om det fins levande og døde håp, kven kan avgjera kva som er kva?

Kva håper du på?
Ofte tenker vi på framtida, på fotballmatcher, på alle rundt oss vi bare vil det beste for. Vi håper det går bra, at det ordner seg, det gjer jo ofte det, her i lille Norge er oddsen større tross alt. Vi håper på godt vær, på at den sjuke snart blir frisk, at dei små veks opp og blir flotte folk. Håpet ligg i oss i kvardagen, det vipper negative tanker til optimisme. Vi må alltid håpe på det beste.

Ofte er håpet et munnhell, men det kan også bli ein tynn tråd vi klamrer oss fast i når vi møter noko vi absolutt ikkje har makt over. For mange er det udefinerbart kva vi sett vår lit til, det kan vera livet i seg sjølv, vår familie, kvart lille øyeblikk vi har her og no. Eg meiner å ha opplevd at håpet kan ha eit namn og vera karakterfast uten tendens til å skifta lynne eller vilje.

Ein mann eg møtte nylig minna meg på dette. Han søkte etter noko som går langt utover våre "kanskje", "muligens" og "håper virkelig". Han leita etter et håp med hold i. Eg kallar han Jon. Ei barnetru vart levande når Jon stod over for sitt livs utfordring.

Typisk, tenker du kanskje, typisk å bli religiøs i krisetider. Då ber alle til Gud og treng ei støtte i livet. Men, kva om nettopp slike  uoversiktlige situasjoner er muligheter Gud bruker til å komma forbi alle våre "moderne hindringar" for hans eksistens og visa at han er levande og nær med et ekte håp?

For Jon var Bibelen ei ganske så ulest bok, men no kom plutselig stemmer fra søndagsskulen og menneske han hadde møtt gjennom livet fram i bevisstheten. Jon leste, spurte, hørte lydbok, tenkte, var ikkje i tvil lenger om at denne boka er meir enn menneskeord. Det er så mange vitner, så sterke kilder, så stor sammenheng. Jesus Kristus, levde, døde og stod opp igjen fra de døde, som den einaste i historien. Og, han seier han gjorde det for oss.

Kva forskjell gjer livet, døden og den overnaturlige oppstandelsen til denne personen for oss her og no? Forskjellen kan merkast om vi tør tru at Jesus snakker til oss i Bibelen og at det han seier er til å stola på fordi han er den han er; 100% Gud og 100% menneske på samme tid.

Eit lite utval av nynorske Jesus-sitat frå Johannes-evangeliet:
"Eg er oppstandelsen og livet, den som trur på meg, skal leva om han så døyr" Joh.11.25

"Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg! I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera i stand ein stad til dykk?" Joh.14.1-2

"Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det tilbake. Denne oppgåva fekk eg av Far min" Joh.10.17

"Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som har sendt meg, har et evig liv og kjem ikkje for dommen, men har gått over frå døden til livet." Joh.5.24


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar