28. oktober 2014

Heltinna frå Andøy

I dag løfter eg melkeglaset høgt og hedrer på mitt kvardagslige vis den innsatsen, holdninga og innsatsviljen, Silje Lehne Michalsen og alle hennar medarbeidara rundt om i verda viser kvar einaste gode og vonde kvardag. Eg beundre denne evna til rettferdighetssans, som går så langt forbi nasjonale grenser og individualistisk risikovurdering. Silje Lehne Michalsen er omtrent på min alder, jobbe som lege i Leger uten grenser og overlevde ebola. No tenker ho berre på kor fort ho kan komme tilbake til Vest-Afrika å fortsette arbeidet. Det gir perspektiv, det inspirerer og det fyller meg med stor respekt.

Dei sjuke i Liberia, Sierra Leone og Guinea blir ikkje henta med Hercules-fly med høyrisikoisolering og dobbel sluse til ein spesialavdeling omgitt av topp trente ressurser som kan bistå døgnet rundt. Mange ligg tett i tett, får ikkje plass på sjukehus, det mangler folk som kan hjelpa dei med basale behov. Smitte sprer seg raskt når familiane tar hånd om sine døde.

Det er skeive forhold i denne verda. Vi er for vane med det, vi assosierer Afrika med nød og vanstyre, sult og sjukdom, og kanskje vi også tenker det bare er sånn? I alle fall så lenge vi sjølv befinn oss på toppen av stigen. Det utfordrer meg. Alle skal ikkje reise dit, men vi har alle medmenneske rundt oss, ressurser og disponere, penger å forvalte. Å sjå lenger enn til nasetippen, er ein syssel eg kjenner eg godt kan bruka mykje meir tid på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar